Dette er ein blogg for deg som går på Vg2 Helsefagarbeidar, og som er i praksis i eldreomsorg.
Ein av dei tinga du skal sjå nærmare på i denne to vekers praksisperioden, er ernæringssituasjonen til pasientane på din avdeling.
- Vel deg ut ein pasient du mistenker ikkje får i seg nok mat og som står i fare for å bli underernært. Finn ut kva som kan vere årsak til det
- Er det forhold hjå pasienten sjølv
- Er det måltidet
- Er det miljøet som kan verke inn på kor mykje mat han/ho et?
- Set i verk tiltak som kan betre eit eller fleire forhold i måltidsituasjonen for denne pasienten.
Bruk teorien som vart gjennomgått om dette temaet i forkant av praksis som bakgrunn for dine observasjonar og tiltak. Bruk også kunnskap frå den praktiske økta der de laga næringstett mat i PTF.
Her finn du meir fagstoff om temaet frå ndla.
Her finn du meir fagstoff om temaet frå ndla.
Kompetansemåla du jobbar med er:
·
Planlegge og grunngi samansetninga av kosthaldet for
ulike brukarar ut frå funksjonsnivå, alder og behov, og i tråd med norske
tilrådingar for ernæring.
·
Lage trygge og sunne måltid for ulike brukarar i tråd
med norske tilrådingar om ernæring
Skriv minimum 3 blogginnlegg i løpet av praksisperioden.
I det første innlegget omtalar du to problem om ernæringssituasjonen til pasienten din, og kva tiltak du vil setje i verk. I dei to neste bloggane vurderar og evaluerar du tiltaka dine.
Det du skriv i bloggen blir ein av vurderingsarbeida i praksisrapporten.
Husk at du må ivareta teieplikta i innlegga dine.
Her er ein video som omtalar problem med underernæring i institusjon. Sjå gjennom denne før du byrjar med oppgåva.
Lukka til med blogginga!

Hei Gro
SvarSlettDette var ein fin blogg med god heilheit. Blogg er godt verktøy, ein møteplass, når elevane er i praksis. Bloggen er informativ, oppgåvene er gjennomførbare og du har med digitale læringsressursar. Linken til NDLA.no er litt utydeleg i teksten, kan eit bilde eller større skrift gjera at den er betre synleg? Flott at du minner om teieplikta!
Bloggen er fin og ryddig. Oppgåva er klar og det er tydeleg kva du vil elevane skal blogge om. Eg likar godt at du har lagt inn kvar elevane har kunnskapstilfanget sitt frå og at du skriv kva dei skal ha lært på skulen som dei skal nytte i praksis. Eg likar og at dei skal skrive tre blogginnlegg som bygger på kvarandre utover i praksisperioden. Eg saknar at du ikkje skriv noko om kor elevane skal blogge
SvarSlett(beklager, menn hadde skrevet kommentaren på feil blogg)