mandag 17. september 2012


Hei alle saman!

Dette er ein blogg for deg som går på Vg2 Helsefagarbeidar, og som er i praksis i eldreomsorg.



Ein av dei tinga du skal sjå nærmare på i denne to vekers praksisperioden, er ernæringssituasjonen til pasientane på din avdeling.



  1. Vel deg ut ein pasient du mistenker ikkje får i seg nok mat og som står i fare for å bli underernært.   Finn ut kva som kan vere årsak til det
    • Er det forhold hjå pasienten sjølv
    • Er det  måltidet  
    • Er det miljøet som kan verke inn på kor mykje mat han/ho et?
  2. Set i verk tiltak som kan betre eit eller fleire forhold i måltidsituasjonen for denne pasienten. 

Bruk teorien som vart gjennomgått om dette temaet i forkant av praksis som bakgrunn for dine observasjonar og tiltak. Bruk også kunnskap frå den praktiske økta der de laga næringstett mat i PTF.

Her finn du meir fagstoff om temaet frå ndla.

Kompetansemåla du jobbar med er:

·         Planlegge og grunngi samansetninga av kosthaldet for ulike brukarar ut frå funksjonsnivå, alder og behov, og i tråd med norske tilrådingar for ernæring.
·         Lage trygge og sunne måltid for ulike brukarar i tråd med norske tilrådingar om ernæring

Skriv minimum 3 blogginnlegg i løpet av praksisperioden.
I det første innlegget omtalar du to problem om ernæringssituasjonen til pasienten din, og kva tiltak du vil setje i verk. I dei to neste bloggane vurderar og evaluerar du tiltaka dine.

Det du skriv i bloggen blir ein av vurderingsarbeida i praksisrapporten.

Husk at du må ivareta teieplikta i innlegga dine.

Her er ein video som omtalar problem med underernæring i institusjon. Sjå gjennom denne før du byrjar med oppgåva.





Lukka til med blogginga!